Richard Øyre
Eg er 44år, busett i Ørsta, gift og far til fire born.
Eg har formell utdanning som byggingeniør (B.Sc.) frå Høgskulen i Ålesund, i tillegg til vidareutdanning i prosjektleiing ved Skema Business School. Frå tidlegare har eg yrkesutdanning, og eg gjekk læretida og tok fagbrev i maskinarbeidarfaget hos ei lokal produksjonsbedrift som produserer gir, akslingar og propellar til skip.
Før eg byrja i Brimer, arbeidde eg dei siste åra som prosjektleiar hos ein mellomstor entreprenør, der eg særleg jobba med totalentreprisar innan infrastruktur. Før dette arbeidde eg i fleire år som prosjektingeniør hos eit rådgjevande ingeniørfirma, med prosjektering av konstruksjonar og byggeleiing i ulike bygningsprosjekt. Dette har eg prøvd å halde litt ved like gjennom eiga sidegeskjeft dei seinare åra. I ungdomsåra hadde eg elles hyre på ulike fisketrålarar, og var innom og jobba på verft, slamsugeverksemd, verkstad, bygningsentreprenør – og til og med ein syltetøyfabrikk.
Hva er den rareste jobben du har hatt?
Eg trur det må være i Brimer (haha). Men trur eg også må trekkefram livet på havet seint på 90-talet - då eg var 17 år og skulle ut i verden og tene penge. Eg var ute 14 veker ute på første reis. På havet var det eit fysisk krevjande arbeidsmiljø og det var lite søvn å få. I tillegg var eg mykje sjøsjuk. HMS var vel ikkje-eksisterande og det var mange både nestendødsulykker og faktiske arbeidsulykker. Det var ei spesiell tid, men eg overlevde. Etter to år med dette livet valte å gå tilbake til skulebenken.
Kan du fortelle litt om dine tidligere erfaringer og hvordan du kan bidra inn i prosjektavdelingen?
Først vil eg peike på dei svært dyktige folka i alle delar av Brimer, som har gitt meg ei bratt og lærerik kurve så langt. Eg håpar òg at eg kan bidra med erfaring og kompetanse tilbake. Dette gjeld særleg innan prosjektleiing, også i meir komplekse prosjekt med fleire fagområde og mange involverte partar. Eg har vidare noko kompetanse innan juridiske kontraktsstandardar. I tillegg har eg erfaring både frå utførande arbeid og frå prosjektering og prosjekteringsleiing – erfaringar som eg trur kan vere relevante og nyttige for Brimer.
Hva var det som gjorde at du ville jobbe i Brimer?
Eg har i mange år sett på Brimer som ein kvalitetsleverandør. For meg var Brimer særleg kjent gjennom anleggsprosjekt for tankar og høgdebasseng. Dei siste åra synest eg Brimer har vore flinke til å marknadsføre seg, noko som har gjort at eg har lagt merke til bedrifta som ei solid og spennande verksemd. Då stillinga i Brimer vart lyst ut, tok eg ein telefon for å få meir informasjon. Det utvikla seg raskt til ein god dialog, som heldigvis enda med tilsetjing.
Hva motiverer deg mest i arbeidshverdagen?
For meg handlar det om å jobbe saman med flinke folk, både internt og i møte med leverandørar og kundar. De ter spennande å få vere ein del av bransjen, bidra inn i store prosjekt og på den måten vere med på å skape verdiar.
Hvordan liker du å jobbe i team?
Det likar eg godt – særleg når ein får teamet til å fungere som eit verkeleg lag. For Brimer sine prosjekt er godt samarbeid ein føresetnad for å lukkast.
Hva gjør du når du står fast i et prosjekt?
Om verken eiga eller kunstig intelligens kan løyse utfordringa, går eg gjerne inn til ein god kollega og tenkjer høgt saman med vedkomande – og då finn vi som regel ei løysing i lag.
Hvordan foretrekker du å kommunisere med kolleger og kunder?
Eg møter gjerne kolleger dagleg på kontoret, og sitt ein del i telefon for diskusjonar og avklaringar, men formelle avklaringar skjer alltid per epost eller skriftleg på annan måte.
Hvilke typer prosjekter ser du mest frem til å jobbe med?
Eg likar meg best med prosjekt av ein viss storleik og med ein viss kompleksitet. Likevel kan dei mindre og tilsynelatande enkle prosjekta være vel så interessante.
Hvordan sikrer du god fremdrift og kvalitet i prosjektene du jobber med?
Litt av sjarmen med eit prosjekt er at ein aldri oppnår full kontroll. Dette varierer mykje frå prosjekt til prosjekt. Brimer har gode system som gir ei solid grunnstruktur i prosjekta, og held ein seg til denne, er ein allereie godt på veg.
Hva håper du å lære eller oppleve det første året i Brimer?
Eg har allerede fått mange nye "knaggar" her i Brimer. Det første målet mitt er å få god kjennskap til verksemda og produkta vi leverer. Det er svært givande å få besøke prosjekt og snakke med folk. Dette lærer ein mykje av, og eg håpar eg får oppleve endå meir av dette framover.
Har du noen langsiktige mål eller ambisjoner i Brimer?
Trass i at mykje allereie fungerer svært godt i Brimer, ser eg stort potensial i prosjekta våre. Den kommersielle delen står for meg som den mest grunnleggande. Som prosjektleiar har eg ein klar ambisjon om å skape riktig fokus og haldning hos alle i teamet. Då legg ein det beste grunnlaget for god framdrift, høg kvalitet, eit godt arbeidsmiljø og solide resultat – uansett prosjekt.
Hvem i Brimer tror du hadde klart seg best på 71° Nord?
Eg har hørt at Fredrik Ryslett har sprunge mykje på fjellet, han hadde nok fiksa det.
Hvis du fikk en ekstra fridag i uken - hva ville du helst brukt den på?
Då trur eg eg ville prøvd å bli flinkare å oppsøke familie og venner, og kanskje kome meg meir ut i naturen.
Hvem tror du gjør det skarpest på årets Birken?
Det presset legg eg på Vidar Hansen. Har trua på han!



